No er juledagane over og det gjekk eigentleg overraskande bra, eg hadde ikkje sånn veldig julestemning så det førte til att eg ikkje sakna "ekstra" mykje heim. På veslejuleafta var eg i bursdagsselskap til ei veninne av meg, Bibiana. Det var på ein plass med mykje spel osv, det var faktisk kjekt ! :) men det var veldig løge å ikkje pønta juletreet osv på vetlejuleafta, det er ingen spesiell dag her. Juleafta var òg heilt klart annaleis, først reiste Lisa & eg for å prøva ut skiutstyr til helga som eg skal leige sidan me skal på ski på laurdag, trur det skal bli bra ! Etter det reiste me på kjøpesenteret for å hjelpa veninna hennas med å kjøpe pakke til mannen hennar, det var heilt greit. då me kom heim var det ganske seint, så me pakka inn siste rest av pakkane. Me hadde pizza til middag på juleafta! :P hihi, moro! :P Alle sammen i huset la seg ganske så tidleg på juleafta, og me vakna av att vertsfaren min ropte "HOHOHO" i første etasje. Kaitlyn (4 år) var heilt i ekstase og sprang frå rom til rom og skreik att julenissen hadde vore her og att me no skulle ned for å opne pakkane, så alle samla seg rundt juletreet vårt og me starta å opna .. det var veldig fint igrunn, me opna ein og ein pakke og såg kva dei andre fekk. . Lisa & Jeff vart glad for scrapbooki eg gav til dei, så det var toppers! ellers så likte eg alle pakkane eg fekk, ikkje minst dei eg fekk frå dei heime , TUSEN TAKK :) det var heilt klart ein interesang ting å feire amerikansk jul, min favoritt er uten tvil, stalkings. det er det du heng over peisen også får du mykje små ting i den osv. kosleg! McKenna & Lisa laga òg eit pledd til meg i julepresang, veldig fint! Så jule gjekk bra og no ser eg fram til i morgon når eg skal på ski med nokon venner, me tek bussen i frå downtown Eugene klokka 06.30 på morgonen, gledar meg!
God jul ! :)
snakkast
fredag 26. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
merry x-masday!!! kjekt å lese om feiringa di, neste år vil me ha deg her..litt stusseleg med berre eit bilete av deg til bords - utan kommentarar & latter. Lukke til på skidagen. Stoooor klem frå alle her heime, kgid:-)
No har du i alle fall fått oppleve ei amerikansk julefeiring også! :-)
GOD JUL til deg Ane!
Så spennande å lesa om julefeiringa di. Du får sikkert oppleva mykje spennande. Kos deg vidare og Godt Nyttår.
Kos Mai Sigrid
Godt nyttår til alle heime òg! hels folket på cubus =)
Legg inn en kommentar