onsdag 21. januar 2009


Det er no fem månadat til eg kjem heim, tenk det. eg er allerede over halvvegs og eg kosar meg veldig mykje akkurat no ! Denne helga gjekk unda med stormfart, på laurdag gjorde eg unna ein del leksearbeid, på ettermiddagen var eg med vertsfamilien min på basketballkamp, det var kjempemoro! etter det kom Faye til meg, det var kosleg :) På søndag stod eg opp klokka 05.30, ugh. altfor tidleg! eg har meldt meg inn i ski & snowboard klubben på skulen så me reiste ein stoor gjeng med buss i 2 tima til trekket, det var ein kjempemorsom dag! eg stod på det meste på ski med bibiana & anais, moro. I loove it! :) På måndag hadde me fri frå skulen pga Martin Luther King Jr dag, då det var jo alletiders, eg var på svømming & møtte noken venner på kvelden. ellers i dag flytta obama inn i the white house, så på skulen satt me ein heil time å såg på talen hans. folk vil ha foranding, men er skeptiske.. så me får sjå, eg seier iallefall.

go OBAMA =)

(bilde eg legg ved er frå veslejuleafta då me feira bursdagen til Bibiana, med Anais, Bibiana & meg)

søndag 11. januar 2009


No er me snart i midten av januar og igår hadde eg min første svømmekonkurranse, eg svømte stafett med 3 andre, 50 yrds x 2. det var kjempemoro, me tapte .. men tap & vinn med same sinn ;) eg fullførte iallefall! ellers så starta eg på skulen att på tysdag som var, det var igrunn kjekt, godt å få noke meir "viktig" å fylle dagane med att. Ellers så går alt som normalt her og det har ikkje skjedd så mykje nytt i det siste. Så eg tenkte att eg kunne skriva litt om skulen & byen eg bur i dette året. Eugene er den nest største byen i Oregon etter Portland med 154620 innbyggjarar. slettes ikkje verst.. Eugene er har òg eit stort universitet med mellomanna eit am. fotballag som heiter oregon ducks som er veldig kjende og visst nok ok gode... Eg går på North Eugene High School som har cirka 1150 elevar, med tre ulike linjer .. Ein kan velgje mellom Ideas, Arts & International, eg er i den internasjonale skulen. det er veldig kjekt igrunn, men MYKJE lekser. menmen.. skriv meir seinare, bilde er av Eugene :)