Hallo :)
No nærmar det seg jul og eg kom på att eg har ein blogg eg kanskje bør oppdatterast. i det siste har alt gått veldig bra, eg likar den nye vertsfamilien min kjempegodt! dei er veldig koslege. i natt snøa det ute, og det kom vel rundt 5cm snø, dette resulterte i att me fekk fri ifrå skulen sidan mange folk her i Oregon ikkje veit korleis ein skal køyre på snøføre. Litt komisk i grunn. Så i dag har eg vore heime med Kaitlyn (4) og Lisa (vertsmora mi), me har baka julekaker og det har vore ganske så kjekt. Sjølv om eg bytta vertsfamilie slapp eg å byte skule så det var bra, eg har òg starta på svømmelaget til skulen min og det er faktisk overraskande moro! tenk det! Eg flytta inn til den nye vertsfamilien min dagen før thanksgiving, eg var litt skeptisk for å flytte inn til ein ny familie i ei høgtid der ein ofte møter heile familien, men det gjekk veldig bra og alle er koslege! Denne helga skjedde det ein heil del, Lisa var med å arrangerte ein stor julefeiring for alle fosterbarna i Eugene (alt i alt 1200). Det var i ein stor gymsal, der ungane fekk julepresangar og gjorde andre juleaktivitetar. Eg satt heile dagen og klistra på tatoveringar av julenissar, pepparkakemenn og mange andre julemotiv i ansikta deiras. Det var ein ny opplevelse, og heilt klart veldig moro! På fredagen var eg på julehandel og kjøpte pakkar til vertsfamilen, litt vanskleg å vita kva eg skulle kjøpe, men eg fann no noko til alle til slutt ..
På kvelden var eg saman med nokon venner og me dekorerte pepparkakehus osv. moro:) så kort oppsummert så går alt mykje bedre for meg her i USA, eg er så glad eg fekk byte vertsfamilie ! No gledar eg meg til jul, ser fram til å få oppleve ei annaleis jul, samtidig gruar eg meg litt til å ikkje vere heime, men det er jo berre èi jul..
Såå GOD JUL TI ALLE :)
Ane Sigrid
tysdag 16. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Spanande :-)
Legg inn en kommentar