aiaiai. eg har ikkje skrive på bloggen sidan spring break, eg er ein slaur. mykje har skjedd sidan den gang det skal vere sikkert! no er det berre 19 dagar til eg sit på flyet heim, tenk det... året har gått forbi så fort og eg har opplevd så mange nye og spennande ting. eg angrar ikkje eit sekund (sjølv om eg skal innrømme at oktober og november var noken tøffe månadar..) uansett, i april/mai reiste eg til ohio for å besøke anniken, det var heilt fantastisk å sjå ho att! hp bur på ein stor gard og har hatt eit veldig ulikt år frå meg som bur i hippie byen eugene.. :) anniken og eg reiste på ein afs organisert tur til new york og washington dc, dette var veldig moro! dc var flott, men new york var genialt, eg vil heilt klart tilbake dit! så mange ulike folk på ein plass! moooro :) når eg kom heim var det prom, det var kjekt! eg reiste med ein stor vennegjeng. jupp :D hmm, ååja! eg reiste på rafting for første gong i mitt liv for nokon veker sidan, på slutten hoppe mesteparten av folka ut i elva haha. skulen går bra (har siste skuledag i morgon den 10 juni ) litt trist, men eg er igrunn klar til å reise heimatt òg no! anna enn det så var me ein vennegjeng som kom i ei bilukykka, det var skummelt, men heldigvis gjekk det bra med alle.. eg har graduation på torsdag og laurdag denne veka her så det skal bli spennanade og anniken kjem på besøk på fredag. :D jappjappjapp. ååja, eg var på tennislaget på skulen, eg likte folka på laget veldig godt, men ein ting er sikkert og det er at tennis ikkje akkurat er min sport.haha. eg beklagar at eg ikkje oppdatterar bloggen oftare, uansett så er det vel igrunn ikkje nødvendig lengre uansett sidan eg snart er heime og kan fortelle dikka aaaalt som har skjedd. ;p soooo er berre ein ting å sei; eg GLEDAR meg noko so sjukt til å sjå dikka alle sammen igjen!
ps. legg ut noken bilder frå dei siste månadane...




