
Jepp, eg skammar meg over meg sjølv, eg er ufattleg dårleg til å oppdattere bloggen min. så eg skal no kjapt oppsummere februar månad. den 13 & 14 februar var det districts i svømming. den 13 var målet å kvalifisere seg blandt dei 16 beste for å kunne svømme på laurdag. eg var heilt sjokka då eg fann ut at eg vart kvalifisert til laurdag, med ein 16 plass. på laurdagen svømte eg igjen og kom på sama plassering som dagen før, eg fekk alt i alt 16/50 folk. synest igrunn ikkej det er så verst eg. ellers same helg prøvde eg snowboarding, det er seriøst mykje vansklegare enn det ser ut som, men Anais & bibiana var veldig greie og dei hjalp meg heile dagen. (dersom du har facebook kan du sjå videoar tagga av meg, det kan du sjå all innsatsen eg la inn, haha) Ellers så slutta svømmesesongen etter districts, så eg har no starta tennis, verkar heilt greit. ikkje så kjekt som svømming, meeen treng jo aktivitet. yess ..Vekene flyr unda med trening kvar dag, lekser & eg svøm annakvar kveld med melanie og andre folk for moro (går i grunn meir tid i boblebadet & basstova enn i sjølve bassenget) hehe. men kjekt er det iallefall. helgene går unda før eg rekk å innsjå at det faktisk er helg. forrige helg reiste eg på lasar tagging med noken venner, det var interessang og ganske så moro. etter det reiste me litt rundt i byen og besøkte ulike folk. for tida går det VELDIG bra her & eg kan ikkje tru det er mindre enn fira månadar til eg skal heim. men no må eg gå, me skal ha avrunding med svømmesesongen og heile laget skal på middag og det skal visst nok delast ut prisar osv. så snakkast snart, eg må gå å gjere meg klar! yupp. ha det bra ! :D