måndag 2. februar 2009


No er det allerede februar, tenk det! dette har vore ei langhelg, med mange morsome og nye opplevelsar! På torsdag hadde me først heile svømmelaget over til huset vårt (40 stk)! me hadde team dinner & me serverte spaghetti. det var kjekt og det gjekk overraskande bra til å vera så mange folk i huset, vertsmora mi Lisa gjorde ein fantastisk jobb der ja! Etter dette vart eg med Melanie heim og me reiste på senior movie night på skulen, me såg "i'm legend", det var igrunn meir snakking enn film, men moro det :) På fredag hadde me svømmekonkurranse, det gjekk heilt greit bortsett frå stupet mitt. seriøst. det var grusomt. det var eit fantastisk mageplask med andre ord, og eg kjendte det ein stund etterpå, men eg gav no mange folk ein god latter, så det var vel bra..(?) uansett, seinare på fredag kom Ida frå kristiansund til meg, ho sov av meg til søndag sidan me skulle ha skidag med afs på laurdag. På fredag reiste ida, lisa og eg ut til lunsj og gjorde ikkje så veldig mykje resten av dagen anna enn å pakka til skituren neste dag. på laurdag stod me opp rundt klokka 8 og me køyrde opp til willamette pass. der møtte me noken andre utvekslingsstudentar, det var ein fantastisk dag og himmelen var blå. :) me stod på ski frå 10-16. så reiste me heim til eugene. på kvelden reiste ein del av oss på konsert, det var kosleg. på søndag reiste ida tilbake tilbake til albany, og eg gjorde litt lekser deretter reiste eg på joggetur. på kvelden reiste eg over til anais. eg, ho & dinah snakka ein heil del og var i stampen hennas. dette har vore ei heilt fantastisk helg, yesss. eg har fri frå skulen i morgon og. har ingen store planar for dagen enda, men får sjå kva som skjer ;) snakkast snart!